Hitra prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Sør-Trøndelag fylke som viser kvar Hitra prestegjeld slik det var fram til tidleg på 1800-talet.

Hitra prestegjeld var eit prestegjeld under Orkdal prosti i Nidaros bispedømme. Prestegjeldet svara til Hitra kommune i det gamle Fosen futedømme, men fram til 1876 inkluderte prestegjeldet noverande Frøya kommune òg. Det var ved avviklinga av prestegjelda i 2000-åra fire sokn i Hitra prestegjeld: Hitra, Fillan, Kvenvær og Sandstad.

Prestegjeldet er nemnd i 1589, og hadde då sju kyrkjer. Dolm kyrkje var hovudkyrkje, og vart saman med annekskyrkjene Ulvan, Sula, Titran og Kvenværet betent av soknepresten og ein kapellan. Dei to siste kyrkjene, St. Margretekyrkja i Hemne og St. Andreaskyrkja i Vinje, vart betent av ein residerande kapellan med bustad i Hemne.

I 1765 vart Hemne og Vinje prestegjeld utskilt frå Hitra. Frøya prestegjeld vart oppretta i 1876, og samstundes vart garden Kvamman overført frå Kvenvær til Fillan. Eit nytt kapellsokn, Innhitra, vart oppretta i 1887. Dette vart i 1890 oppgradert til Sandstad sokn. I 1900 vart Fjellværøya kapell i Fillan sokn reist. I Kvenvær sokn vart det reist ny kyrkje frå 1908, og då den var ferdig vart gamlekyrkja lagt ned som soknekyrkje. Den vart reven og attoppført som Forsnes kapell i 1914. Hovudkyrkja, Dolm kyrkje, brann i 1923, og Hitra kyrkje vart reist som ny hovudkyrkje i prestegjeldet.

Galleri

Litteratur

Sjå òg