Hjartåbergtunnelen
Hjartåbergtunnelen er ein del av rassikringsprosjektet på strekninga mellom Homberset og Geitvika i Volda kommune, Møre og Romsdal. Frå sørenden av Rotset-tunnelen ved Løvikneset køyrer ein om lag 1000 m veg i dagen ved Homberset til nordvestre enden av Hjartåbergtunnelen. Tunnelen er 3495 m lang målt i senterlinja på portalene, profil er T9,5, og den søraustre enden kjem ut like ved Kvennelva / Hjartåelva.
Tunnelen vart driven av Leonard Nilsen & Sønner. Utkøyring av tunnelmasse var det T. Engene og Volda Maskin som utførte. Sjå spesifikasjonar i tabellar lenger ned på sida. Planlagt opning var september 2013. Uforutsette hendingar gjorde at dette vart endra. Det vart ca. 2 mnd. forseinking grunna ras i Selvikberget, og ca. 5 mnd. forseinking på elektroarbeidet i tunnelen, årsak konkurs i elektrofirmaet. Etter raset i Selvikberget vart vegen stengd i ca. 6 veker. Det vart litt endring på veglinje, men vegen måtte likevel skytast hardare inn i fjellet og det vart ei stor steinfylling på utsida. Dette var eit spesielt arbeid, vegen vart midlertidig bygd opp ca. 8 m for å nå opp på fjellhammaren med boreriggen. På ei strekning på ca. 180 m vart ytre vegkant bygt i betong fota på fjell.
Årsettunnelen vart utvida til same standard som Hjartåbergtunnelen og fekk litt endra retning for betre kurvatur. Eksisterande veg mellom Kvennelva / Hjartåelva og Geitvika er opprusta til same standard som resten av Kvivsvegen. Den gamle brua over Aurstadelva vart riva og ny bru med justert retning vart bygd. Geitvikbrua fekk utvida breidd på begge sidar . Det er no ei samanhengande strekning på ca. 36 km frå Volda i Møre og Romsdal til Grodås i Sogn og Fjordane med god stamvegstandard.
Ved Kvennelva er bygt ein romsleg rasteplass med servisebygg for tunneltekniske instalasjonar, og med rom for toalett. På rasteplassen er det fleire bord og utsiktspunkt. Den gamle Hjartå bru var i ei periode utvida for trafikale forhold men er no ført attende til gamal utføring. På gamlevegen nord om elva er det bygt opp eit utsiktspunkt. Den gamle drifteråsa for dyr frå Hjorthaug er og teke vare på. Det er løyst ved veg over tunnelportalen og ei bru over elva rett oppom riksvegen, og med eit sjåverdig rekkverk.
Spesifikasjonar for tunnelen:
Lengd | |
Profil | |
Tverrsnitt | |
Fast volum fjell | |
Laus masse - opplest | |
Plassert masse på veg, underbygging tunnel | |
Lengd borhol på salve | |
Lengd (brytning) salve | |
Ca tal borhol pr salve | |
Bormeter pr salve | |
Ca tal salver | |
Bormeter totalt | |
Ca sprengstoff pr salve | |
Ca sprengstoff totalt | |
Start tunneldriving | |
Gjennomslag |
Andre opplysningar i tabellform.
Masseflytting veg i dagen Homberset-Årset | |
Masseflytting veg i dagen Årset-Geitvika | |
Forbruk bolt veg i dagen Homberset- Årset | |
Sprøytebetong Hjartåbergtunnelen | |
Areal vannsikring Hjartåbergtunnelen | |
Total lengde trekkerør Homberset-Geitvika | |
Betongrekkverk Homberset-Årset | |
Stålrekkverk Homberset-Årset | |
Isnett Selvikberget |
•Planlagt opning september 2013.
•Forseinking skyldt ras i Selvikberget ca. 2 månader.
•Forseinking pga. konkurs elektro mm. ca. 5 månader.
•Hjartåberget opent for trafikk 17. februar 2014.
•Offisiell opning 14.6.2014.
Bilder
Kjelder
Statens vegvesens prosjektkontor på Fyrde ved Svein Skeide, tabeller og punktliste.