Hjemmenes Vel
Hjemmenes Vel var namnet på dei fyrste husmorforeiningane i Noreg. Den fyrste foreininga var Oslo Hjemmenes Vel, stifta i 1898 av Dorothea Christensen frå Sandefjord og avvikla i slutten av 1970-åra. Foreininga hadde lokalar i Nedre Vollgate 20 i Oslo, og var den eldste husmorforeininga i Europa.
I 1897 sprang ideen om at husmødrene skulle slutte seg saman. Tanken blei fyrste gong presentert i bladet «Husmoderen», som seinare fekk namnet «Husmorbladet». Artikkelen gjorde at Hjemmenes Vel blei stifta i Kristiania året etter, og deretter i Bergen i 1899.
I mellomkrigstida var Karen Platou drivkraft i organisasjonen. Ho var også den fyrste faste kvinnelege stortingsrepresentanten, valgt inn frå Høgre i 1922–1924.
15. september 1915 gjekk fleire lokale lag saman og stifta Hjemmenes Vels Landsforbund som vart leia av Marie Michelet. Organisasjonen skifta i 1999 namn til Norges Kvinne- og familieforbund.
Galleri
- Salongen i Nedre Vollgate 20 i Oslo.Foto: Narve Skarpmoen (1899-1930)
- Salongen i Nedre Vollgate 20 i Oslo.Foto: Narve Skarpmoen (1899-1930)
- Nedre Vollgate 20 i Oslo.Foto: Narve Skarpmoen (1899-1930)
- Dette er truleg Oslo Hjemmenes Vel som skal på feriekoloni.Foto: Narve Skarpmoen (1899-1930)
Kjelder
- Hjemmenes Vel. (2018, 20. februar). I Store norske leksikon. Hentet 12. april 2018 fra https://snl.no/Hjemmenes_Vel.
- Heimesida til Norges Kvinne- og familieforbund.