Kvinner & familie (magasin)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Husmoderen»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile av forsiden til Husmoderen anno 1898.

Kvinner & familie er Norges Kvinne- og familieforbund sitt medlemsblad. Fyrste nummer kom ut i 1887 under namnet Husmoderen, dei to fyrste åra som eit gratis tillegg til Norsk Landmandsblad, som en tid hadde hatt en egen spalte "For Husmoderen".

I ei kunngjering i Norsk skoletidende frå 1888 står redaktøren for Landmandsbladet, Knut Knutsen Heje, og godseier Georg Rheinhold Wankel (1843–1907) som utgjevarar "under medvirken av flere dygtige husmødre".[1]

Heje selde i 1894 bladet til Nils Næss og Høydahl Ohme.[2] I 1901 overtok Bergine og Josephine Wold som eigarar.[2]

Husmoderen kom fyrst ut ein gong i månaden. Frå 1892 kom det kvar 14. dag og seinare kvar veke.

Bladet gjekk frå januar 1919 inn i det nystarta vekebladet Hjemmenes vel, som igjen gjekk inn i Husmorbladet frå 1929. Husmorbladet skifta namn til Kvinner & familie i 1997 og vert i dag (2018) utgitt tre gonger i året.

Kvinnene vert synlege

Nekrologen over Bertha Heje (f. Kjuus), skrive av statsråd Bernt Holtsmark, kan tyde på at mannen hennar, Knut, ikkje fungerte som redaktør i praksis. Holtsmark skriv at "redaksjonen blev tilbudt fru Heje" allerede da Husmoderen ble startet i 1887 og at hun påtok seg vervet "som hun med dyktighet og fremgang fortsatte inntil 1894, da tidsskriftet ble overtatt av nye eiere".[3] I følgje Morgenbladet fekk Heje og Wangel bistand frå Bertha Heje i 1887.[2]

Frå 1894 er ikkje lenger Knut K. Heje nemnd i Bokfortegnelsen, og året etter opptrer husmødrene med namn. Frå dette året trer også hovudredaktøren, frøken Lina Lund, tydeleg fram. Året etter har frøken Marie Jørstad tatt over og sit som redaktør fram til 1913.

I tillegg til dei formelle hovudredaktørane nemner Bokfortegnelsen følgjande kvinner som redaksjonsmedlemer mellom 1895 og 1900 (etter dette er berre redaktørane nemnd):

Redaktørar

Eksterne ressurser

Fotnoter

  1. Norsk skoletidende. Nr. 20. 1888. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. 2,0 2,1 2,2 Morgenbladet 1911.12.31. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Norsk hagetidend. 1933. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder