Hustadvika (havstykke)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hustadvika er eit ope havstykke mellom Molde og Kristiansund i Møre og Romsdal. Det er særs farleg farvatn, då det er grunt og har mange små øyer og skjær. Norskehavet står rett på, så det er ofte dårleg ver i området. Det har difor vore mange forlis på Hustadvika, mellom anna det mykje omtalte Rokta-forliset i 1938.
I den nordlege enden står Kvitholmen fyrstasjon, og i den søndre Bjørnsund fyrstasjon.
Då kommunane Eide og Fræna vart slått saman i 2020 tok den nye eininga namnet Hustadvika kommune.
Kjelder
- Hustadvika i Store norske leksikon
- Kort dokumentar
- Faktaark fra Kartverket finnes.