Hyllestad krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hyllestad gamle skule
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Hyllestad krins i Hyllestad kommune inkluderte i 1861 Hyllestad, Kleive, Myklebust, Nes, Einevoll, Gjerde, Sæsol, Lien, Sørefjord, Berge og Rønset. Sørefjord vart seinare skilt ut som eigen krins. I 1973 vart Hyllestad krins slått saman med Lifjord krins og Sørefjord krins.

Skulehus

Hyllestad gamle skule

  • Byggeår: Siste del av 1890-talet
  • Fungerte som skule: 1890-talet - 1970-talet
  • Anna bruksområde: Barnehage, lagshus, atelier og forsamlingshus.

Skuledagen

Alle borna måtte ta tran på skulen i etterkrigstida. Det var læraren si oppgåve å sørgje for dette. Ingemar Nordstrand frå Hyllestad fortel om den gongen han og ein medelev skaut med sprettert inn vindauget og knuste alle tranflaskene. Høyr Nordstrand fortelje om dette på Digitalt fortalt.

Skulevegen

Kåre Djupevik gjekk eitt år på skule i Hyllestad krins. Han fortel dette om skulevegen: "Skulevegen til Hyllestad gjekk gjennom utmark. Tre dagar for veka. Det var mykje snø om vinteren og då gjekk eg på ski so langt det var råd. Resten måtte eg gå. Eg brukte meir enn ein time kvar veg."

Lærarar

Etternamn Fornamn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Ullmann S(H) Hyllestad skule 1906 1910
Vevle Olav Hyllestad skule 1914
Nornes Olav Hyllestad skule Dei siste åra var han òg skuleinspektør.
Åkre Ole Hyllestad skule
Sørefjord Jonas Olsen 1865 Hyllestad skule 1893 Stord Seminar
Torsheim Leif Hyllestad skule 1954 1962 Han budde i Lifjorden.
Bruknapp Gerd Hyllestad skule 1962 1964 Handelsskule, musikkonservatoriet, realskule
Lybak Ole O. Hyllestad skule 1885 1888

Foto

Kjelder og litteratur

Digitale kjelder

Munnlege kjelder

  • Ingemar Nordstrand, Per Bygnes, Bjarne Akse, Leif Akse og Kåre Djupevik.


Koordinater: 61.171306° N 5.297722° Ø