Innset kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Innset kyrkje | |
---|---|
Foto: Olve Utne (2009).
| |
Stad: | Innset |
Byggeår: | 2000 |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kirke |
Bispedøme: | Nidaros |
Prosti: | Gauldal |
Prestegjeld: | Rennebu |
Fellesråd: | Rennebu |
Sokn: | Innset |
Arkitekt: | Kvernaas arkitekter AS |
Materiale: | Tømmer |
Sitteplassar: | 300 |
Innset kyrkje er soknekyrkje for Innset sokn i Rennebu kommune. Kyrkje blei vigsla i 2000, etter at Innset gamle kyrkje brann ned i 1995. Nykyrkja er oppført som ei korskyrkje over nær sagt same grunnformen som den gamle, men med nokre endringar i takkonstruksjonen, spiret, våpenhuset og disponeringa av kyrkjerommet.
Den gamle kyrkja var reist i barokk stil av Palle Joensen i 1642, og var privatkyrkje for Innset kopparverk fram til 1814.