Johanne Lilleslett (1902–1985)
Johanne Lilleslett (fødd Andreassen, 30. desember 1902 i Kragerø, død 9. mai 1985 i Hol) var lærar i Hol i Hallingdal. Ho var aktiv i mange slags frivillig arbeid i lokalsamfunnet. Namnet hennar vert også skrive Lisleslett.
Johanne vaks opp i Kragerø. Foreldra var Inga Karoline (f. Simonsen 1874) og Anton Laurits Andreassen (f. 1872). I folketellinga for 1900 er faren oppført som styrmann 1900, medan han i 1910 har arbeidd på ein salpeterfabrikk.
Lærargjerninga
Etter grunnskulen reiste Johanne til Notodden, der ho tok mellomskuleeksamen i 1919 og deretter gjekk vidare på lærarskulen. Same år som ho var ferdig, i 1923, vart ho tilsett som lærarinne ved småskulen i Sør-Hovet krins i Hol. Her arbeidde ho anna kvar veke i Sør-Hovet og i Sudndalen. Ei tid underviste ho også i småskulen i Holet. Frå 1952 arbeidde ho på den nye skulen som då vart bygd i Hovet.
Skulekrinsane låg spreidd, og den fyrste tida budde ho på skulehuset i Sudndalen den veka ho arbeidde der. Etter at ho gifta seg i 1926[1], budde ho truleg fast på Lisleslett i Nord-Hovet. Frå 1948 vart ho innvilga skyssgodtgjering for rutebil mellom Hovet og Holet.[2]
I 1955 vart Lilleslett valt inn i styret for Hol lærarlag.[3]
Familie
Johanne gifte seg med Hallvard Sanderson Lilleslett (1902-1973), som også var utdanna lærar. Etter ein periode i Øvre Eiker og på Ringerike, vart han lærar i Hol. Han vikarierte for Johanne frå 1926 til 1929 og ein periode i 1933, men etter at han overtok Lisleslett i 1930, arbeidde han mest på garden.
Paret fekk Sander (f. 1934), Per (f. 1937), Arne (f. 1943) og Ingrid (f. 1944).[1] Det var Per som overtok garden. I tillegg arbeidde han på biblioteket i Hovet.[4] To av ungane gjekk inn i skulen, Sander som rektor og Ingrid som lærar på Gol.
Frivillig arbeid
Johanne Lilleslett var ein pådrivar for frivillig arbeid og leiar for fleire organisasjonar. Ho var med og skipa Hovet songkor og opptrådte også med song på tilstellingar. Ho var også med på skipinga av Hovet husmorlag (1933), der ho vart formann. Også i Sudndalen ungdomslag (skipa 1922), Hovet bondekvinnelag og Hol helselag (stifta 1924) var ho formann.
Ho var dessutan med i utdelingsnemnda for Amerikanske holingers legat og var vara i Fattigstyret.[5]
Fotnotar
Kjelder og litteratur
- Anton Laurits Andreassen i Historisk befolkningsregister
- Buskerud Dagblad 1936.11.30. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Buskeruds Blad 1955.12.05. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Drammens Tidende og Buskeruds Blad 1974.03.15. Digital versjon på Nettbiblioteket. (Hol helselag).
- Drammens Tidende og Buskeruds Blad 1975.03.22. Digital versjon på Nettbiblioteket. (Hovet bondekvinnelag).
- Drammens Tidende og Buskeruds Blad 1981.08.26. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Fremtiden 1949.01.17. Digital versjon på Nettbiblioteket. (Forsorgsstyret).
- Hallingdølen 1948.10.07. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Hallingdølen 2011.11.12. Digital versjon på Nettbiblioteket. (Song).
- Johanne Lilleslett i Historisk befolkningsregister
- Norske skolefolk. Utg. Dreyer. 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Reinton, Lars: Folk og fortid i Hol. Utg. I kommisjon hos Grøndahl. Oslo. 1969. Digital versjon på Nettbiblioteket. Bind 2 og 5.
- Solhjell, Kåre Olav: Hol i hundre år. Utg. Hol kommune. 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket, bind 1.