Jonas Jørstad
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jonas Jørstad (fødd 15. juni 1888 i Sjernarøy, død 2. februar 1972) var postopnar og bokhandlar i Time på Jæren. Han verke ei tid òg som fotograf der.
Han var son av Ommund Jørstad og Karoline Schmidt Jørstad, og vart i 1917 gift med Berte Monsdotter Hauge.
I 1910 var han postkassetømmer i Time. Han vart så postopnar, ein stilling han hadde til Time postopneri vart i 1919. Same året opna han bokhandel i lokalane til postopneriet.[1]
Minst eitt av hans bilete vart nytta til postkort frå Mittet & Co.. Motivet er Garborgheimen, og biletet er frå 1909. Han var i mange år aktiv i Time Mållag, som hadde tilsynet med Knudaheio og Garborgheimen. Fleire av bileta er nytta i bygdeboka Time : gard og ætt.
Kjelder
- ↑ «Time faar bokhandel» i Stavanger Aftenblad 1919-10-22. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Jonas Jørstad på Digitalt museum.
- Jonas Jørstad på KulturNav
- Stavanger Aftenblad, 12. november 1992.
- Garborgheimen, foto av Jonas Jørstad. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Lindanger, Birger: Time : gard og ætt. 1. Utg. Time kommune. 2004. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aarrestad, Torleiv: Time herad : fram til 1987. Utg. Dreyer. 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jonas Jørstad i Historisk befolkningsregister.
Jonas Jørstad er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
|