Jostedal sparebank
Jostedal sparebank (Jostedals sparebank) i Jostedalen, Sogn og Fjordane, vart skipa 13. juli 1895.
Skipinga
Grunnfondet for banken kom frå verdiane frå Jostedal bygdemagasin som vart avvikla på same tida. Fram til 1895 hadde kornmagasinet òg dels fungert som ein bank. Fyrste ordførar i bankdireksjonen var Christian Nitter Kronen med varaordførar Erik L. Espe. Banken fekk i 1907 lokale i kommunehuset på Bruvoll i Sagarøy under Bakken som Jostedal kommune kjøpte.
Konkurs 1936
Jostedal sparbank var mellom dei bankane som fekk store problem i kriseåra etter fyrste verdskrigen. Banken kom fyrst til akkord med styresmaktene, men måtte 22. mai 1936 slå seg konkurs. Kommunestyret sette straks i gang med å skipe ein ny sparebank, og nye Jostedal sparebank vart 9. oktober 1937 skipa med eit grunnfond på 22 500 kr. 7500 kr kom frå Noregs Bank, 7500 kr frå Finansdepartementet og 7500 kr frå private i Jostedalen. Jostedalen var ein av svært få bankar på denne tida som fekk direkte statstilskot til etableringa. Grunnen var den svake økonomien i bygda og at konsekvensane for bygda av ikkje å få opp att ein ny sparebank ville vere så negative.
Nye lokale 1949
I 1949 fekk sparbanken lokale i det nye kommunehuset i Sagarøy. Gjennom eit halvt hundreår gjekk ombodet som bankkasserar i arv frå far til son: Nils Hermundson Bruheim, Hermund Nilsson Bruheim og Per Hermundsson Bruheim.
Sjå òg Direksjonen i Jostedal sparebank.
Fusjon - Luster sparebank
Dei fyrste drøftingane om å slå saman Jostedal sparebank, Hafslo sparebank og Luster sparebank kom i samband med kommunesamanslåinga i 1963. Etter mykje fram og tilbake slo dei tre bankane seg saman til nye Luster sparebank. Bankinspeksjonen godkjende fusjonen 20. juni 1974, og han vart sett i verk frå 1975. Luster sparebank hadde deretter filial i lokala til Jostedal sparebank til fram mot tusenårsskiftet då filialen vart nedlagd.
Bankbussen
Hafslo sparebank sette i gang prøvedrift med bankbuss i 1967, og året etter kjøpte dei tre sparebankane inn ein bankbuss i lag som òg hadde rute i Jostedalen. Bankbussen vart avvikla i 2008, som den siste i landet. Den siste tida til bankbussen vart dokumentert i filmen "Bankbussen" (2010) som er sendt ei rekkje gonger på NRK.
Arkiv
- Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, SFF-89004 - Jostedals Sparebank på Arkivportalen
- Delar av arkivet gjekk tapt under flaumen i Jostedalen i 1979.
Litteratur
- Jostedal sparebank (Jostedal historielag)
- «Jostedals Sparbank», Fylkesleksikon NRK Sogn og Fjordane
- Ormberg, Asbjørg. (1997). Jostedal sparebank. Jostedal skule- og bygdeavis (Nr. 40), 84-85.
- Evjestad, Alf Henning, m.fl. (2000). Ein kommune - ein bank. Gaupne: Luster sparebank.
- St.prp. nr. 10 (1937) Om statstilskot til skiping av nye sparebankar (Jostedal historielag)
- Bankbussen, omtale av dokumentarfilmen (2010) (NRK)
- Søberg, Morten: Dødvinklar i den nynorske offentlegheita: Fjærland privatbank og Jostedal sparebank, Innlegg på Nynorsk finans-seminar, Høgskulen i Sogn og Fjordane 10. mai (Finansdepartementet)