Jostedalsbredens Turisthotel
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jostedalsbredens Turisthotel (Jostedalsbræens Turisthotel) opna sommaren 1920 ved garden Elvekrok i Jostedalen. Hotellet ligg med utsikt rett mot Nigardsbreen, og utsikta var endå betre den gongen breen var større. Hotellet er ein enkel trebygning i tre høgder.
Bak hotellet stod Per J. Næss, eigar av Hofslund Hotel i Sogndal. Han skipa i 1916 Indre Sogns Automobilselskab med turistrute mellom anna til Jostedalen, og hotellet var ein lekk i denne satsinga. Hotellet gjekk konkurs kring 1940.
Etter andre verdskrigen tok Haakon Elvekrok frå Jostedalen og Nils Optun frå Fortun over drifta under namnet Jostedalsbredens Turiststasjon. Dei la ned drifta i 1965. Bygningen er no under oppussing (2010).
Eksterne ressursar
- Hermund Kleppa: «Jostedalsbredens Turisthotel», Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Håvard Kastet: «Jostedalsbredens Turiststasjon», Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, 12.4.2009
- «Jostedalsbredens hotell», Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane