Kalvelien (veg i Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kalvelien er ein 200 meter lang hytteveg på Lifjell i Bø i Midt-Telemark kommune som går sørover frå Lifjellvegen. Han er stengd med bom og ender ved speiderhytta Speiderbo.
Vegen har namn etter lokaliteten Kalveliane og blei namnsett i 2013. På bødialekt uttalast fleirtalsforma «liane» som «lien».
Speiderbo blei sett opp på «Appelsinhaugen» i 1952.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bø kommune, Utval for plan, teknikk og næring sak 102/13.
- Notis i Telemark Arbeiderblad 19. april 1952.