Treungen Gjestgiveri
(Omdirigert fra «Klevstul's Hotel»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Treungen Gjestgiveri i Treungen blei starta av Såmund Klevstul i 1917 under namnet Turisthospitset.[1] Under den store brannen i Tveitsund 6. mars 1922 strauk bygningen med. Såmund fekk ført opp ein stor ny bygning som var teikna av arendalsarkitekten Oscar Høyer Stensvand.[2] Denne blei kalla Klevstul Hotell. Seinare endra hotellet namn til Klevstul Hospits og deretter Klevstul Pensjonat.[3]
I 1955 stod sonen til Såmund, Karl Klevstul, oppført som innehavar av overnattingsverksemda, [4] og namnet blei snart endre til Treungen Gjestgiveri.[5]
Referansar
Kjelder
- Norges Turistforbund, Norges turistforbunds reisehåndbok. Del 2, Oslo, 1955. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
- Sætherskar, Johs. (red.), Det norske næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
- Åsen, Kjell, Nissedal bygdesoge: Gard og ætt : Treungen sokn, Nissedal, 1978. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
- Åsen, Kjell, ""Klevstul" og "Malines Hotell". Dei kvite Jugend-smila i Tveitsund" i Telemark Historielag, Årsskrift 1994. Bygningshistorie, Bø, Telemark historielag, 1994.
- Åsen, Kjell, Nissedal bygdesoge. [4] : Kultursoga : 1900-1999, Nissedal, Nemnda, 2000. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
Eksterne lenker
- Heimesida til Treungen Gjestgiveri.