Kn. T. Vågslids Landhandel
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kn. T. Vågslids Landhandel låg langs E134 i Edland i Vinje. Landhandelen vart starta under firmanavnet Handelslaget Edland allereie i 1914, men skifta namnt til L/L Vågslid då Knut T. Vågslid kjøpte forretninga 6. juli 1936 og dreiv den som eit lutlag. Då Vågslid overtok aksjane i lutlaget i 1939 vart forretninga omdøpt til Kn. T. Vågslids Ass. Landhandel.[1] På folkemunne vart forretninga kalla Vågslid-bui.[2]
Forretninga vart utvida i 1936 for å kunne drive kaffestove og herberge i tillegg til landhandel. Eit mindre bakeri som hadde høyrd til forretninga vart ombygd og utvida i 1946.
Kjelder
- Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
- Alv Halvor Straumstøyl, Skulesoge for Rauland og Vinje: Frå allmugeskule til grunnskule gjennom 250 år, Vinje, 1989.