Kokelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kokelag ved L.K. Hjelle
Foto: Norsk møbelfaglig senter/Halldis Bakke

Kokelag vart etablert ved mange av dei tidlege fabrikkane i Sykkylven som eit tilbod til dei som ikkje hadde høve til å lage varmmaten sjølv. Kjerneperioden for kokelaga var frå midten av 1930-åra til om lag 1960.

Skikkeleg mat måtte skikkelege arbeidskarar ha. Det galt i jordbrukssamfunnet, og det var like aktuelt for dei mange som flytta til industribygdene for å få seg arbeid. Så lenge det var kjellarbedrifter, var det vanleg at arbeidarane kjøpte seg inn rundt kjøkkenbordet saman med familien i huset. Etter kvart som det var større forhold, vart det organisert kokelag med eiga kokke som sytte for skikkeleg middag for medlemmene av laget.

Hadde ein ikkje eit kvinnfolk å stelle for seg i åra før, under og like etter krigen kunne det lett bli stussleg i matvegen. Ikkje berre på grunn av fastlåste kjønnsroller. På denne tida laga ein maten frå grunnen. Slakt måtte kjøpast inn og kjøtet saltast. Det var ingen frysevarer og ferdigmiddagar i butikken. Å stelle til skikkeleg middagsmat var eit yrke meir enn i dag og eit yrke som kunne bli ei kjærkomen inntektskjelde for kvinner i ei bygd der industrijobbane stort sett var for menn.

Halldis Bakke frå Sykkylven var ei av dei mange kokelagskokkene i Sykkylven. Ho hadde hatt arbeid i byssa på misjonsbåten Brand og var berre 18 år då ho blei kontakta av L.K. Hjelle som ville ha henne til å lage middag til arbeidarane ved fabrikken som budde på hybel. Seinare kokte ho også for arbeidarar ved Vik og Blindheim og Brødrene Blindheim, og kokelaget hennar hadde etter kvart 25 medlemmer.

Ungkarane – ofte unge gutar - som strøymde til industribygda budde på hybel. Det gjekk mest i brødmat. Det var ikkje mat for arbeidsfolk, meinte blant anna L.K. Hjelle som var tidleg ute med å hjelpe til med å danne eit kokelag for Vikøyra. I kokelaga vart namna på medlemmene gjerne slått opp på veggen, og dei kryssa sjølve av for kvart måltid dei deltok i. Industriarbeidarane betalte ein ganske stor del av daglønna til mat. Prisen per middag var kr 2,25 den første tida. Ofte fiska dei i fjorden og leverte fisken til kokelaget for å redusere matutgiftene.

Vanlege middagsrettar var kjøtkaker, potetball, brennsnut og ulike fiskerettar. Middagen var presis klokka 12 kvar dag, og middagspausen var på ein time. Kokka hadde ikkje helgefri. Arbeidarane skulle også ha varm mat om søndagen.

Kjelde