Kråkenesvegen (Kviteseid)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Kråkenesvegen med garden Kråkenes (gnr. 1/3).
Foto: Roy Olsen (2021).
Kråkenesvegen i Vrådal i Kviteseid kommune går frå Vråvegen ved Storstraum, via Kråkenes til krysset med Straumsnesvegen og Bjorøyvegen på Revskiltangen. Ved garden Revskil (gnr. 1/6) går ei lang grein av vegen sørover til snuplass ved Dårlaupmyri nordaust for Tarjeisberget.
Vegen har namn etter Kråkenes-gardane. Tidlegare gjekk Kråkenesvegen vidare frå Revskiltangen til Føssøyi og Bjorøyi, men denne strekninga fekk endra namn til Bjorøyvegen kring 2020.
Kilder
- Kommunekart: Kråkenesvegen.