Krigsminnesmerket ved Knaben gruver

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Krigsminnesmerket ved Knaben gruver vart reist til minne om dei seksten tilsette ved Knaben gruver i Kvinesdal som omkom under bombeåtaket mot Knaben 3. mars 1943.

Under andre verdskrigen vart molybden nytta i produksjonen av panserstål, og Knaben var den einaste molybdengruva i Europa som var i drift. Materialet var difor særs viktig for tyskarane, og dei allierte bomba gruva to gonger. I den første bombinga, den 3. mars 1943, var det ti britiske Mosquito-fly som slapp bomber over gruva. Åtaket kom utan varsel, så ingen hadde tid til å komme seg i sikkerheit i tilfluktsromma. I tillegg til dei seksten nordmennene som omkom, døydde òg ein tysk gruveingeniør. Han er naturleg nok ikkje nemnd på minnesmerket. I det neste åtaket, den 16. november 1943, vart ingen nordmenn drepne sidan dei då fekk varsel og kom seg inn tilfluktsrom. Det er uklårt om nokon tyskarar vart drepne i det siste åtaket.

Minnesmerket vart etter krigen reist i Knaben sentrum. Det er ein granittbauta med ei bronseplate. På plata står det «Minne om selskapets medarbeidere som omkom under bombeangrepet på Knaben mars 1943», følgd av namna på dei seksten omkomne.

Dei falne

Namna som visast her er dei som står på minnesmerket, og dei er òg sett i den rekkefølgja. Dei er sett opp etter rang med ein ingeniør, ein kartograf, ein lagerbetjent og ein sjåfør først, og så arbeidarane i alfabetisk rekkefølgje. Sidan dei står på forma «etternamn, førenamn» kan ein sortere dei alfabetisk ved å klikke i øvste raden.

Namn Fødd Fødestad Stilling Merknader Bilde
Rostad, Odd 1914-04-24 Bodin Gruveingeniør Odd Gjermunn Blix Rostad 1914-1943.JPG
Dårstad, Even O. 1887-04-11 Kolbu Kartograf Even O. Dårstad 1887-1943.JPG
Tonstad, Magnus 1918-12-09 Sirdal Lagerbetjent Magnus Tonstad 1918-1943.JPG
Netland, Isak P. 1920-03-11 Fjotland Sjåfør Isak Netland 1920-1943.JPG
Føreland, Seval 1910-06-18 Kvinesdal Arbeidar Tønnes Seval Førland 1910-1943.JPG
Hansen, Olaves 1900-06-10 Halden Arbeidar Skipstømmermann, utskriven til gruvearbeid.
Hoffstad, Eilif 1908-10-18 Haltdalen Arbeidar Eilif Hofstad 1908-1943.JPG
Ljosland, Otto 1922-09-07 Åseral Arbeidar Gardsarbeidar, utskriven til gruvearbeid. Otto Gunerius Ljosland 1922-1943.JPG
Mygland, Arne 1897-07-25 Fjotland Arbeidar Arne Mygland 1897-1943.JPG
Narvestad, Jan 1920-05-18 Kvinesdal Arbeidar Bror av Trygve Narvestad. Jan Narvestad 1920-1943.JPG
Narvestad, Olav 1916-03-23 Fjotland Arbeidar Olav Narvestad 1916-1943.JPG
Narvestad, Trygve 1923-10-25 Kvinesdal Arbeidar Bror av Jan Narvestad. Trygve Johan Narvestad 1923-1943.JPG
Norås, Olav 1922-10-14 Fjotland Arbeidar Olav J. Norås 1922-1943.JPG
Rostøl, Tobias 1897-10-13 Sirdal Arbeidar Tobias Torgersen Rostøl 1897-1943.JPG
Stigum, Jakob 1911-05-08 Lunner Arbeidar Jakob Stigum 1911-1943.JPG
Årstøl, Trygve 1911-09-09 Kvinesdal Arbeidar Trygve Årstøl 1911-1943.JPG

Litteratur og kjelder