Krokan turisthytte

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Krokan turisthytte mellom 1880 og 1887.
Foto: Marthinius Skøien / nb.no
Nasjonalbiblioteket

Krokan turisthytte ligg i Tinn kommune, omlag seks kilometer frå Rjukan. Hytta var den fyrste hytta Den Norske Turistforeininga kjøpte, berre eitt år etter stiftinga.

Historikk

Krokan var ein husmannsplass under garden Fosso fram til han blei skilt ut som eige bruk i 1856. Den Norske Turistforeininga blei stifta av Thomas J. Heftye i 1868, og han kjøpte Krokan som sin fyrste eigendom i 1869. Etter ei rekkje ombyggingar og utvidingar blei eigendomen tatt i bruk som herberge i 1871. Herberget blei besøkt av mellom 600 og 800 gjester fram til det siste driftsåret i 1896.

Når køyrevegen mellom Maristien blei opna og planane om bygging av turisthotell på Fosso blei lagt fram, valde Turistforeininga å legge ned drifta på Krokan. I 1897 blei det nye Hotel Rjukan, som var teikna av Finn Knudsen, oppført på Fosso. Den gamle turiststasjonen blei flytta opp frå Krokan for å fungere som eit rimelig anneks for hotellet. Navnet fylgde med og fortrengte etterkvart Fosso-namnet. Området der turisthytta ligg i dag blir difor berre kalla Krokan.

Hotel Rjukan blei seinare flytta til Mæl der det står den dag i dag. Turisthytta og uthuset som m.a. inneheld ei rekkje utedoar, blei stående att på Krokan.

Krokan turisthytte er framleis svært autentisk med tanke på funksjonen ho hadde som turiststasjon. Bygningen var opprinneleg våningshus på en husmannsplass før han blei bygd om til turiststasjon i 1870/1871. Hytta stod utan måling heilt fram til ho blei flytta til Fosso. Då blei ho måla raud. Sidan er det ikkje gjort endringar av betydning på eksteriøret, anna enn bygginga av ei terrasse på sørgavlen.

Miljøet kring bygningane ble endra mykje då Hotel Rjukan blei flytta til Mæl, men vegen fylgjer framleis den opprinnelege traséen. Bygningen er representativ for byggjeskikken som ei rekke av turistforeningenshyttene seinare fylgde, med ein enkel og nøktern standard i interiøret. Det er i dag ingen tilsvarande turisthytter i Telemark. Krokan, som DNT sin fyrste eigendom, har vore eit viktig element i utviklinga av turismen i Øvre Telemark, med Rjukanfossen som det største trekkplasteret.

Krokan turisthytte er i dag vedtaksfreda av Riksantikvaren.

Galleri

Kjelder