Kvernes prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvernes stavkyrkje var den første hovudkyrkja i prestegjeldet.
Foto: Dag Bertelsen (2000).

Kvernes prestegjeld i Møre og Romsdal blei oppretta i middelalderen med Kvernes stavkyrkje som hovudkyrkje. I dag ligg det gamle hovudsoknet Kvernes under Averøy kyrkjelege fellesråd, medan annekssokna blei utskilde som eigne prestegjeld tidlegare og dels inngår i andre kommunar.

Ei kjelde frå 1589 fortel at det då var fire sokn i prestegjeldet: Kvernes, Kornstad, Bremsnes og Grip. Dei tre førstnemnde hadde felles prest, medan øya Grip hadde ein residerande kapellan.

I 1708 blei det gjeve løyve til å bygge kyrkje i ladestedet Lille-Fosen, i dag Kristiansund. Ladestedet blei ikkje eit eige sokn, men ein del av Bremsnes.

I 1812 vart ein del av området overført til Øre sokn i Tingvoll prestegjeld. Kristiansund blei eige prestegjeld i 1827, og etter dette hadde Kvernes dei tre sokna Kvernes, Bremsnes og Kornstad. I 1869 blei Eide sokn utskilt frå Kornstad. Mindre grenseendringar fant sted i 1878 då garden Gådal blei overført frå Hustad sokn i Bud prestegjeld til Eide sokn, i 1882 då delar av Vågen blei overført frå Kornstad til Bremsnes og i 1890 då delar av Bollia blei overført frå Hustad til Eide. Gardane på Storlandet vart så overført frå Kvernes til Gjemnes sokn i Øre prestegjeld.

På 1900-talet var det også nokre endringar. Vevang i Kornstad blei overført til Eide i 1964, Bolga og Valen blei overført frå Bremsnes til Frei sokn og Dale blei overført frå Bremsnes til Kristiansund sokn i Kristiansund prestegjeld. Eide sokn blei utskilt som Eide prestegjeld i 1981. Summen av alle desse endringane var at Kvernes prestegjeld på det siste svara til Averøy kommune.

Sjå òg

Kjelder

Koordinater: 63.0051639° N 7.7216333° Ø