Kåsafeltet (veg i Hjartdal)
Kåsafeltet i Sauland i Hjartdal kommune er namnet på eit lite bustadfelt og den 225 meter lange vegen som går hit frå Skojevegen.
![](/thumb.php?f=Hjartdal%2C_K%C3%A5safeltet-1.jpg&width=400)
Parti frå Kåsafeltet.
Foto: Roy Olsen (2020).
Vegen vart namnsett i 2011. Bustadfeltet ligg på garden Omnes' (gnr. 81/1) grunn og består av åtte einebustader sett opp på 1970-talet. Sju av husa står på bygsla tomter.
Kilder
- Kartverket: Norgeskart
- Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf
- Statens vegvesen: vegkart.