Langesund Bad

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Langesund bad»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Langesund Bad sett frå sjøsida i 1986.
Foto: Stig Rune Pedersen (1986).

Langesund Bad blei bygd i 1898, etter at apoteker Fred Hegge tok initiativ til å etablerte Aktieselskabet Langesund Bad i 1897. Bland dei sentrale aktørene var Gunnar Knudsen. Det blei oppført ein restaurant og tre badehus i Badeveien 5 i Langesund. Restauranten var teikna av arkitekt Haldor Larsen Børve.

Snart blei det oppført hotell og ein hovudbygning som inneheldt spisesal, salongar og ballsal. Gjestene ankom gjerne med båt eller jarnbane, og staden fekk raskt eit godt rykte langt utanfor Langesund og Telemark sine grenser. Kunstnarar og musikarar frå Kristiania kom for å underhalde, og det blei arrangert opplesingar og konsertar i ballsalen og i ein eigent musikkpaviljong ved inngangen til badeparken.

Viktige årstal

1898: Langesund Bad opnar.

1917: Fred Hegge sel badet til Isak Seveland.

1919: Langesund Bad blir utvida med bygget Societeten, som inneheld selskapslokale og kjøkken.

1926: Societeten brenn ned 31. januar. Allereie ved Sankthans same året (15. juni) blei den noverande bygningen innvia.

1929: Ei stor bølge råkar badehusa nede ved sjøen, og samtlege blei øydelagt.

1940: Tyskarane inntek Langesund Bad og nyttar det til innkvartering for forskjellige avdelingar frå hær og marine.

1945: Det norske baptistsamfunn kjøper badet og driv det som sumarhotell og campingplass.

1991: Meinigheitane i det norske baptistsamfunn tek over drifta og driv det som leir- og stevnestad.

2006: Lars Rise tek over Langesund Bad. Badet blir renovert.

Kjelder