Leikanger kommune
Leikanger kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1419 |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommunesenter | Hermansverk |
Areal i km²(2020) | 180,11 km² |
Folketal 2020 | 2345 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Opphørte | 2020 |
Delt i | 1849/1850: Balestrand frådelt. 1901: Folketom del til Balestrand. 1964: Tingstad allmenning til Sogndal. 1992: Fleire grunnkretsar til [(Vik kommune |
No del av | Sogndal kommune |
Målform | Nynorsk |
Liste over ordførarar |
Leikanger kommune er ein tidlegare kommune ved Sognefjorden i Sogn og Fjordane. Han grensa mot Balestrand, Sogndal og Vik. Kommunesenteret var Hermansverk. Den 1. januar 2020 vart Leikanger del av Sogndal kommune.
Fram til 1992 var Feios, Fresvik og Frønningen ein del av Leikanger kommune. Men frå 1992 vart Feios og Fresvik ein del av Vik kommune. Frønningen vart ein del av Lærdal kommune. Den gamle Leikanger kommune er rik på kulturhistorie. Dette har Olav Sande skildra i eit dikt.
Soga segjer,
at på Syrstrand
der budde mæte
og modige,
mektige menn.
Her budde Bele,
bøndene sin konung,
og Ingebjørg den edle,
i elskhugen trufast
Her var hovet,
som Baldershage heitte,
i Husabø, den helga
og vel hegna staden
Her til kom Fridtrjov,
den frøkne og fræge,
''fridde til Ingebjørg
(Nynorsk vekeblad nr. 9. 1942)
|