Leseselskap for geistlege i øvre Telemark 1836

Leseselskap for geistlege i øvre Telemark 1836.

I ljoset av opplysningstida

Sogneprest Bent Wettergreen i Lårdal, seinare prost i øvre Telemark vestfjeldske prost, må reknast som grunnleggjaren av ”Øvre Tellemarken Provsties theologiske Læseselskab”. Det vart oppretta 17. mai 1836 på Lårdal prestegard etter førebilete av dei mange leseselskap for allmugen som hadde vakse fram. Det fyrste av desse hadde sett dagens ljos allereie i 1798 i Valle i Setesdalen og vart kalla ”Selskabet til Oplysning og gode Sæders Udbredelse” – medan idéen bak slike tiltak fekk mest vind i segla i åra etter 1809. Då vart det oppretta ei rad sokneselskap rundt om på bygdene som underavdelingar av Det kongelige Selskab for Norges Vel. Årsaka til denne etter måten raske spreiinga av leseselskap, skuldast ideala frå opplysningstida som også hadde funne vegen til Noreg gjennom ei vaken geistlegheit. Denne meinte at det i fyrste rekkje var allmugen som skulle verta betre opplyst og skolert, eit føremål som sokneprest Wettergreen også hadde ideale tankar om å tilpassa sin eigen stand.

Planen til leseselskapet

Sokneprest Magnus Bostrup Landstad i Kviteseid forma i 21 paragrafar ein plan for selskapet. Etter føremålsparagrafen skulle den vitskaplege danning og teologiske kunnskap blant prostiets geistlege haldast vedlike og betrast ved å byggja opp ei rik boksamling av vitskaplege og teologiske skrifter. Kvar geistleg i prostiet kunne verta medlem mot å betala ei årsavgift på 3 ort, medan ikkje geistlege slapp med å betala 2 ort. Sistnemnde fekk status som ekstraordinære medlemar, men hadde ikkje røysterett i sleskpapet. Styraren skulle velgast for to år av gongen, og fekk som oppgåve m.a. å gje melding om stoda i selskapet og leggja fram rekneskapen på årsmøtet den fyrste onsdagen i juli månad. Ein kan ikkje seia at selskapet var meint å skulle vera eksklusivt, då betaling av medlemspengar vart sett som einaste vilokår for medlemskap. Likevel hadde selskapet med eit unntak berre geistlege medlemar så lenge det eksisterte.

Protokollen

Selskapet heldt orden i sakene sine. I ein protokoll skreiv styraren inn planen for selskapet, lister over medlemar og boksamling, den årlege rekneskapen og merknader om verksemda. Bokinnkjøpa skulle avgjerast ved røysting blant ”de ordentlige Medlemmer”, og utvalde bøker skulle straks setjast i sirkulasjon mellom medlemane. Sirkulasjonsliste med opplysningar om utlånstid m.m skulle heftast ved bøkene. Styraren vart også sett til å taka vare på boksamlinga.

Medlemane

Dei fyrste medlemane var forutan Bent Wettergreen, sokneprestane M. B. Landstad i Kviteseid, C. Høy i Moland, H. Nielsen i Nissedal, F. Ingjer i Vinje, P. Wettergreen i Mo som var ein eldre bror av Bent – og pers.kap. M. Thgønnesen i Seljord. I 1847, etter at verksemda hadde halde på i 10 år, var medlemstalet om lag det same – det var 6 i alt. Ei stund hadde jamvel konst. sorenskrivar J. Elieson vore ekstraordinær medlem. Så veit ein ikkje meir om kva som hende selskapet – for protokollen til styraren gjev berre opplysningar om verksemda fram til 1847. Men heldigvis kan ein i den same protokollen støtta seg til ei rad notat om boksamlinga som vart gjort av seinare prostar. I eit av desse trur sokneprest S. Sønnichsen i Lårdal at leseselskapet vart løyst opp i 1855.

Boksamlinga

Då prost T. Bech, Wettergreens føreman reiste frå Lårdal i 1844, etterlet han seg 25 bøker som han seinare skjenka til leseselskapet. Med tida voks boksamlinga til heile 226 bind. Etter oppløysinga av selskapet vart boksamlinga liggande i største uorden på loftet i Lårdal prestegard – bøker og blad lå dels slengde i krokar, dels kasta om kvarandre i kasser- inntil lærar P. A. Paulsen ved Aars og Voss skule i Kristiania under eit mellembels opphald på prestegarden i 1878 tok til å ordna samlinga. Etterpå kom ho til prost J. L Quisling på Fyresdal prestegard, som i 1893 før han sende ho over til prost H. Backer i Mo, opplyste at det berre hadde verte teke vare på 98 band.

Bokauksjon

Ein stor del av boksamlinga hadde med løyve av biskop Smidt hadde verte selt ved ein bokauksjon i Kristiania i november 1888. På dette viset trudde ein å kunna skaffa midlar til å restaurera og binda inn dei verdifullaste banda som vart att. Diverre vart resultatet av auksjonen ikkje meir enn 9 kroner og 30 øre – og når såleis utlegga til m.a. bokkasser, frakt og auksjonarius vart trekt ifrå, var fortjenesta berre 2 øre. Då var det at Quisling noterte: ”Og saa alt bryderiet!”

Sjølv om boksamlinga med tida truleg vart spreid for alle vindar, er det ikkje utenkjeleg at einskildbind likevel i dag kan finnast i biblioteket på ein eller annen prestegard i prostiet. Etter lærar Paulsens katalogiseringsarbeid, inneheldt boksamlinga ymse skrifter av dogmatisk, etisk-filosofisk innhald, bibeltyding, praktisk teologiske skrifter, predikensamlingar, leilighetstaler, andakts-, oppbyggelege bøker, teologiske tidsskrifter av litterært, kritisk og vitskapleg innhald, kyrkje- og verdshistorie, livnadsskildringar og blanda skrifter. Kanskje ein også skulle drista seg til å attgje eit vilkårleg utval ifrå katalogen:

Om den falske Theologi og den sande Tro av H. Steffens Kbh. 1825, Betragtninger om den naturlige Tro av Fr. Münter Kbh. 1895, Sollte die Meinung wohl ein süsser Traum sein, der die Welt beträge, dass ein Gottund Schöpfer aller Dinge sein? av J. H. Pape Leipzig 1753, Vorlesungen über die Theologi des alten testaments av K. Hahn Erlangen 1848, Opplysninger og Bemærkninger til den norske Kirkes Alterbog og Ritual av K. Storm Trhj. 1845, Om lithurgiske Frihed av P. C. S. Gad Kbh. 1832 1, Betraktninger over kristelige Troeslærdomme av J. P. Mynster Kbh. 1 ste og 2det Oplag, Casual-Predigten u.s.w. av A. Kochen Hamburg 1832, Pagten med Gud av H. Arentz Kra. 1838, Det kristelige Liv i 8 Prædikener av J. Helveg Kra. 1843, Ugeskrift for den evang. Kirke i Danmark av J. Hjorth, Tidsskrift for udenl. Theologisk Litteratur av Clausen og Hohlenberg Kbh. 1833, Exorcismens Historie i Danmark av J. Rohman Odense 1835, Danske Ugeskrift av J. F. Schouw Kbh. 7 Bind, Om Almueoplysning av C. Børresen Kbh. 1841, Begrebet Mythus av Fr. Beck Kbh. 1842, Begrunnet Formening om at Dronninger bør krones i Norge av H. P. Krag Kra. 1846, Dr. M. Luthers Forsvar – i Anledning H. H. Clausens Beskyldninger mod ham av W. F. Engelhardt Kbh. 1825, Kirkelige Tilstand osv. av H. Birkeland Kbh. 1845, Kirkeligt Folkeblad av Wexelsen og Krogness Trhj., Kristeligt Søndagsblad av H. Halling.

Kilder

  • Arkiv: Vest-Telemark prosti, Ya, diverse 1, 1836 – 1893.
  • Arkivportalen: (pdf)

Lokalhistoriewiki-artikkelen er en gjengivelse av artikkelen ”I ljoset av opplysingstida. Leseselskap for geistlege i øvre Telemark 1836” av Sigurd Rødsten. Publisert i Vest-Telemark Blad 18.10.1983 og Årbok for Telemark 1985, Telemark mållag.