Li Simon (1927–2017)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Li Simon»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Skinnfellar og andre skinnprodukt designa av Li Simon. Truleg frå Skinnfellmakargarden i Hemsedal.
Foto: Kristian Hilse/Mittet, 1969.
Klede og andre skinnprodukt laga på verkstaden i Hemsedal.
Foto: Kristian Hilse/Mittet, 1969.

Li Simon (fødd 21. juli 1927 i København, død 8. september 2017 på Ål) var skinnfellmakar og designar. Ho hadde i ulike periodar verkstad i Hemsedal, Ulefoss, Sømna og på Gol. I tillegg restaurerte ho 17 gamle hus, dei fleste av dei på Skinnfellgarden i Hemsedal.

Oppvekst i Danmark

Li, som er ei forkorting for Annelise, vaks opp med det ho kalla “en genial alene-far”.[1] Han døydde då ho var berre ti år gamal, men på dei åra ga han henne ein styrke som ho bar med seg “både da og senere gjennom hele livet”.[1] Ho hugsa han som ein klok mann, som mellom anna lærte henne at: “Vil du fly, så må du først gro vinger.”[2] Som tiåring kom Li på barneheim.

Virke som skinnfellmakar og designar i Hemsedal

I 1952 braut Li av historiestudia ved Københavns Universitet og flytta til Hemsedal med den tyske musikaren og pedagogen Vult Simon, som hadde kome til Noreg på 1920-talet. Ekteparet busette seg på Veneli (90/34) og fekk borna Martin (f. 1954) og Vita (f. 1958). I tillegg var Li i 15 år pleiemor for ein utviklingshemma gut. Garden tok også i periodar imot innsatte som var ute på prøve frå kvinnefengslet i Oslo.

På Veneli og Veneholtet (90/60), som dei seinare kjøpte attåt, bygde Li og Vult opp eit tun med gamle hus frå ulike delar av Hallingdal, som dei restaurerte. Her starta dei i 1961 verksemda Skinntrykk, og garden kalla dei etter kvart Skinnfellgarden. Garden vart med åra ein attraksjon, dit det kom busslastar med turistar frå inn- og utland.

For Li vart bevaringa av gamle tømmerhus og av tradisjonen med å laga skinnfellar ei livsoppgåve. Skinnfellane var framleis i bruk då ho kom til Hemsedal, men handverkstradisjonen var i ferd med å verta gløymd. Saman med mannen, byrja ho å samle kunnskap om skinnfellmaking og leite fram gamle skinn og trykkstokkar på gardar og i museum. Dei eldste stokkane dei fann, hadde teikningar med typiske helleristingsmotiv, og det eldste skinnet dei fekk til samlinga si var kring 200 år gamalt. Det innsamla og avteikna materialet vart så katalogisert.

Li og Vult Simon kombinerte gamalt handverk med moderne bruk av skinna. Det var Li som designa produkta, laga av skinn frå sau ala opp på eigen gard, men også av skinn frå andre dyr, som svin, slange og fisk. Blant produkta var klede, som kåper, hattar, selskapskjolar, luer og vottar. Dessutan skinn til innreiing, som tepper, gardiner og stoltrekk. På Skinnfellgarden vart kvar del trykt, skoren til og sydd saman. Eit tjugetals lokale kvinner arbeidde med sauminga.

Medan produkta var moderne, var trykka baserte på gamle mønster med element som sol, vatn, planter og dyr. Til dette laga dei også eigne trykkstokkar etter nedteikningar. “Skinntrykket er inkarnasjonen av alt vi har interessert oss for.” uttalte Li til Aktuell i 1965.[3] Og Noreg var staden for å utforska blokktrykk direkte på skinn. "Tradisjonen med å trykke mønster og betydningsfulle bilder, symboler og magiske tegn på skinnfellens overside er spesiell for Norge,"[4] kunne Li fortelje i eit foredrag i 2003.

Nokre moderne tilpasningar gjorde dei også med trykka. Medan dei i tidlegare tider moglegvis brukte oresaft, tydde Li og Vult til kjemi, for å få mønstra til å sitte betre på skinnet og tåle meir lys og luft. Sjøl om dei moderniserte drifta og etter kvart tente gode pengar på skinnverksemda, var masseproduksjon og fabrikkmessig drift aldri aktuelt.

Li og Vult Simon hadde si fyrste fellesutstilling i 1958. Seinare hadde Li eit femtitals separatutstillingar med skinnarbeid både i inn- og utland.

Virke i Telemark og Nordland

Etter at Li og Vult skilte lag i 1977, budde Li tre år i Oslo før ho flytta til Telemark i 1980. I 1978 hadde ho gifta seg med Kjell Dahl, og ser etter det ut til å ha kalt seg Li Simon Dahl fram til byrjinga av 2000-talet. Paret kjøpte i 1979-80 "Saugforvaltergaarden" i Ulefoss, som dei restaurerte og gjorde om til hotell. Her etablerte Li også verkstaden Li skinntrykk med utsal og fast utstilling.

I 1994 flytte ekteparet Dahl til Sømna, der Li innreda verkstad på Bygdetunet. Året før hadde Li halde ho sitt fyrste kurs i skinnfellmaking i Lavangen. Eit resultat av kurset var at deltakerne produserte skinnfellar til Lillehammer-OL i 1994. I 1995 var Li ein av utstillarane under Nordisk Husflidsting på Lillehammer, der temaet var økologi. Her passa skinnfellene godt inn, og Li var òg blant forelesarane på tinget.

Tilbake til Hallingdal

Li var tilbake i Hallingdal i 2000, då ho saman med Runar Foss Larsen etablerte firmaet Skinnfellmakern i dei ledige lokala etter Gulla Eidsgårds Manufaktur på Gol. Tiffany Foss Fagan, niesa til Runar, vart også involvert i drifta og vart etter kvart eineeigar.

I 2012 donerte Li Simon samlinga si av gjenstandar, lysbilete og skriftleg dokumentasjon om skinnfellmakarkunsten til Natur- og kultursenteret i Hol. Senteret er knytt til Hol pensjonat, som vert drive av Ingeborg Fosvold og Ola Vaagan Slåtten.  

Utgjevingar

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Simon 2011: 154
  2. Simon 2011: [8]
  3. Aktuell: 12
  4. Oppegård: 17

Kjelder og litteratur