Loftsgardsgrendi (veg i Seljord)
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=Seljord%2C_Loftsgardsgrendi-1.jpg&width=400)
Loftsgardsgrendi med husa på garden Loftsgarden søndre, Sudistugo.
Foto: Roy Olsen (2018).
Loftsgardsgrendi er ein gardsveg i Loftsgardsgrendi i Nordbygdi i Seljord kommune som slyngjer seg i bratt lende nordover frå Nordbygdivegen og endar ved den tidlegare garden Kodde vestre (gnr. 37/1). Det går sidegreiner til gardane Loftsgarden midtre (gnr. 34/3) og Li øvre (gnr. 32/1). Utanom sidegreinene er vegen kring 1,7 kilometer lang. Han går gjennom jordbrukslandskap og har ei stigning på 175 meter.
Vegen har namn etter grenda og vart namnsett i 2005.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no