Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2019-52
Nikolaus Mathias Gjelsvik (fødd den 11. april 1866 i Askvoll, Sunnfjord, død i Oslo den 14. november 1938) var jurist og norskdomsforkjempar. Han var fyrst dosent (1897), så frå 1906 til 1936 professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo, og var ein framståande ekspert mellom anna i mellomfolkelege rettstilhøve. Han var rådgjevar under Karlstad-forhandlingane under unionsoppløysinga i 1905. Som norskdomsmann var Gjelsvik ein kraftfull organisator innan både målrørsla og den frilynde ungdomsrørsla, og han blir rekna som grunnleggjaren av det nynorske rettsmålet. I 1930-åra markerte Gjelsvik seg med sterkt nasjonalistisk farga standpunkt i politiske spørsmål som forsvarssaka og Grønlandssaka. Nikolaus Gjelsvik var fødd og oppvaksen på Sørgarden i grenda Gjelsvika i noverande Askvoll kommune. Denne delen var tidlegare Vevring herad i Sogn og Fjordane fylke. Garden var den største garden i bygda, og etter måten stor i vestlandsk målestokk. Foreldra til Nikolaus Gjelsvik var gardbrukarparet Øystein Eirik Olavsson (1824-1880) frå Gjelsvik og Malene Andreasdotter (1833-1880) frå Selvik. Nikolaus vart altså med eitt slag foreldrelaus som 14-åring. Han var nummer seks av ein syskenflokk på ni.Les mer...