Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2022-49
Hopp til navigering
Hopp til søk

Abel Cathrine Amundson. Bilete frå boka The first chapter of Norwegian immigration av sonen Rasmus B. Anderson.
Abel Cathrine Amundson (født 8. oktober 1809 i Sandeid i Vindafjord, død 31. oktober 1885 i Northwood, Iowa) var gardkone og utvandrar. Ho og ektemannen var mellom dei fyrste utvandrarane til USA frå Norge, berre eit drygt tiår etter pionerane på sluppen «Restauration». Dei budde i fleire av dei norske nybyggjarkoloniane i Midtvesten i 1830- og 1840-åra. Ektemannen Bjørn og sonen Bruun døydde båe i ein koleraepidemi i august 1850. Etter at ektemannen døydde, fekk Abel Cathrine alle barna med unntak av eldstesonen døypt av en dansk metodistprest, men seinare vart ho medlem av den lutherske kyrkja i Dane County. Ho gifta seg på nytt i 1854 med Bright Amundson frå Stavanger, og dei levde saman fram til han døydde i 1861.Les mer...