Lårdal Handelslag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lårdal Handelslag blei skipa 14. oktober 1901. Forretninga låg i Øvre Lårdal.
Handelslaget valte fabrikkeigar O. L. Omdal som formann i laget. Kontorisk H. K. Saubak og gardbrukar Sondre N. Bjåland sat med han i styret. Bestyraren for handelslaget var Øystein Bruserud. Forretninga var ein assortert landhandel med sal av alle typar varer, samt landmannsvarer. Laget hadde ei årleg omsetting på om lag 80.000 kr kring 1949. Formua var samstundes 14.800 kr.
Kjelder
- Sætherskar, Johs., Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.