Møre Import & Agentur

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Møre Import & Agentur var ei agenturforretning i Sykkylven, etablert av Hans Kjetil Hole i 1982. Den første tida heldt han til i bustadhuset sitt i Straumgjerde. I 1983 flytte han forretninga til nye lokale på Aursneset (tidlegare Teppe- og Fargebua), og han fekk då eit salsareal på om lag 60 m² der. Seinare flytta han attende til Straumgjerde, og etablerte seg i eit næringsbygg som han kjøpte.

Vareutvalet omfatta første tida bilrekvisita av alle slag, til dømes batteri og dekk, dessutan typiske slitedeler som eksosanlegg, klutsjdelar og støytdemparar. Etter kvart vart bedrifta retta inn mot sal og service av smørjeutstyr for industrien.

Hans Kjetil Hole har drive Møre Import & Agentur åleine i alle år.

Kjelde