MB «Kampen»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dette er MB «Kampen» liggande i fortøyningane i Høydalen.

MB «Kampen» M-33-VA, det kom etter kvart fleire båtar med same namn, men dei hadde forskjellig registreringsnummer. «Kampen» namnet er knytt til Bakkekarane. Bakkane er Gards/bruksnr:80/2 i Volda kommune. «Kampen» er i fiskeriregisteret ført opp med byggeår 1918, og er med frå registeret vart oppretta i 1920. Der er oppgitt lengde på 39 fot og breidde 13 fot. Djupte er målt til 5,8 fot. Det er montert ein Kampen motor på 15 hk. bygd i 1916. Farkosten skal brukast til skrei og drivgarnsfiske, står det i innmeldingsprotokollen.

Eigarar var partsreiarlag Knut A. Høydal. Namna bak laget var; Knut A. Høidal, Knut K. Høidal, Elias K. Høidal og Alfred K. Høidal. Dette er far Knut A. og tre søner.

Det er fortalt mange historier frå sildefiske med denne båten, slik det er fortalt var det Fosnavågen som var leveringshamn. Mange gonger fekk dei meir sild om bord enn bereevna tilsa, men kor mange hektoliter dei fekk med er så langt ikkje dokumentert.

Den 4/11 1937 har Knut A. Høidal gitt melding om at båten er opplagt og utrangert. Melding om stryking frå registeret er sendt fiskeriinspektøren 17/11 1937.

Kjelder