Magnus Berg (1666–1739)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Magnus Berg (fødd november 1666, død 31. mars 1739 i København) var bilethoggar, treskjerar og målar.
Det er vanskeleg å finne primærkjelder om hans tidlege liv. Hans biograf Naamand Prehn meinte i 1745 at han var fødd 28. november 1666 i Romedal på Hedmarken. Magnus Berg sjølv skreiv ein gong at han var fødd den 20. november. Vi veit at faren heitte Elias Nielsen og kom frå Follebu i Gausdal. Ein bror er kjend frå Sel i Gudbrandsdalen, og Ivar Kleiven meinte Magnus Berg var fødd der. Berg er truleg eit gardsnamn, men korkje dei to eldre brørne eller ei syster nytta det namnet - og det er eit for vanleg gardsnamn på Austlandet til at ein kjem nærare fødestaden.
Litteratur og kjelder
- Dietrichson, L. (Lorentz): norske elfenbensskjærer Magnus Berg. Utg. Gyldendal. 1912. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Paulsen, Åshild: Magnus Berg. Utg. Dreyer. 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket.
|