Margaret Allen Atwater
Margaret Allen Atwater (født 2. september 1825 på Atlanterhavet, død 1916 i USA) var den yngste av utvandrarane som reiste til Amerika med «Restauration» i 1825: Da følgjet forlot Stavanger, var det 52 personar om bord, men i løpet av reisa vart vesle Margaret født.
Liv
Margaret Allen Atwater var dotter av Martha Georgiana og Lars Larsen Geilane, som leiar for utvandrarfølgjet om bord på «Restauration». Foreldra hennar var kvekarar, og vesle Margaret fekk namnet sitt etter ei engelsk kvekarkvinne som faren hadde tent hos i London rundt 1815. Etter at dei kom fram til New York, flytta den vesle familien upstate til Rochester, der faren arbeidde som skipstømmermann ved Erie-kanalen. Heimen deira var mellomstasjon for mange norske utvandrarar på veg vestover, og ein kan tenkje seg at Margaret må ha vaksi opp med mange spennende inntrykk.
Faren døydde i 1845 på mystisk vis, men Margaret, mora og dei sju småsyskena hennar heldt fram med å bu i Rochester. I 1857 gifta ho seg med John Atwater frå Rochester, og dei flytta etter kvart til Chicago i Illinois, der han vart ein kjent utgivar. Dei fekk iallfall tre born:[1]
- Jane Sara Atwater, lærerinne og inspektør ved skoler i Chicago i 50 år.[2]
- Mabel A. Truesdell.
- John L. Atwater. Han vart forretningsmann i Chicago og pastor i ei av kyrkjene i Western Springs.[3]
Seinare, etter at ektemannen døydde, levde Margaret Allen Atwater eit langt liv i Illinois, og i 1890-åra, da forfattaren Rasmus B. Anderson vitja ho, budde ho Western Springs i Cook County.[4] Ho døydde i 1916.[5]
Fotnoter
- ↑ Minneapolis Tidende, 5. juni 1930, side 16. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ «Sluppefolket i Amerika», side 4 i Decorah-posten 1925.06.05, 5. juni 1925. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Anderson, side 67.
- ↑ Anderson, side 67.
- ↑ Dødsåret er nemnt i artikkelen «Sluppefolkets Overreise» i Decorah-posten 1925.06.05, 5. juni 1925. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Litteratur
- Anderson, Rasmus B.: The first chapter of Norwegian immigration (1821-1840) : with an introduction on the services rendered by the Scandinavians to the world and to America. Utg. R.B. Anderson, Madison, Wisconsin, 1896. Digital versjon på Nettbiblioteket.