Martin Solnørdal Trikotasjefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Martin Solnørdal Trikotasjefabrikk var ein trikotasjefabrikk i Sykkylven, skipa av Martin Solnørdal i 1931.

Martin Solnørdal (1902-90) var fødd i Solnørdal-grenda i Ørskog. Då han kom til Sykkylven årsskiftet 1931/32 for å etablere trikotasjefabrikk her, var han godt kjend i bygda. På morsida ætta han frå Grebstad, og frå 1918 hadde han vore vel to år i lære hos slektningen sin Johan O. ErstadIkornnes. Medan han var der, trefte han Borghild Davenes som då arbeidde på A/S Strømpefabrikken, og ho vart seinare kona hans.

I 1920-åra arbeidde Martin Solnørdal på trikotasjefabrikken O.A. Devold & Søn i Langevåg. Då han gav seg der etter sju år, prøvde han seg ei tid som reverøktar i Solnørdalen. Sølvrevalen fekk seg ein lei knekk like etter 1930, og då Martin skulle sjå seg om etter meir varande sysselsetting, fall valet naturleg på trikotasjeindustrien og Sykkylven.

I 1931 vart Fix-huset på Klokkarhaugen ledig. I dette huset hadde Jens E. Ekornes og Petter Langlo i tre år drive Møre Kurvmøbelfabrikk. Dei flytta til Ørsta i 1931, og Solnørdal fylte den ledige plassen. Han meinte at lokala høvde for den produksjonen han ville slå inn på. Her var det høgt nok under taket til å få inn maskiner. Det var Andreas Furseth som hadde bygt huset til tilsvarande føremål. Første tida nytta Martin Solnørdal berre halve delen av første høgda. I andre halvdelen heldt Lenestolfabrikken Solid A/S til.

Ein viktig grunn til at Martin Solnørdal valde Sykkylven, var at kommunen kunne tilby stabil elektrisk kraft til industrien. Han hadde også vurdert å etablere seg i andre bygder på Sunnmøre, men Sykkylven var av dei bygdene som var komen lengst i kraftutbygginga.

I 1934 fekk Solnørdal kjøpe huset dei heldt til i. Då hadde fabrikken seks tilsette, dei fleste kvinner. Den første mannlege tilsette var seinare ordførar og likningssjef i Sykkylven, Øystein Eliassen. Oppgåvene hans var mellom anna å halde ved like maskinene og skifte nåler. Martin Solnørdal tok til med ei strikkemaskin som han betalte 5000 kroner for. Av desse hadde han spart opp 1500 kroner på førehand, og 1500 kroner fekk han låne av den lokale forretningsbanken. Dei resterande 2000 kronene måtte han betale ned i rater.

Utover i trettiåra vart maskinparken stadig utvida. Ved utbrotet av siste krig var bemanninga komen opp i 15 personar.

Hovudproduksjonen ved Martin Solnørdal Trikotasjefabrikk var herre- og dameunderty av ull, makko, bomull og silke. Særleg la verksemda vinn på å framstille tjukke slitevarer i herreunderty. Bomullsunderty var noko nytt på landsbygda den gongen. Fram til tjueåra brukte dei på bygdene helst vovne ullklede nærast inntil kroppen. Om vinteren nytta dei strikka plagg. På same måten som dei nye møbelfabrikkane tilbaud vanlege forbrukarar større sittekomfort, kunne dei nye trikotasjefabrikkane tilby ei ny kjensle av komfort når det gjaldt dei mest intime plagga som folk dekte kroppen med. Utover det som er nemnt, laga den lokale trikotasjefabrikken også genserar, T-skjorter og treningsdrakter.

Martin Solnørdal var ein godt likt arbeidsgjevar. Han var ein av dei som gav arbeidarane fast timeløn i trettiåra; elles i industrien var akkord det vanlege. Han praktiserte ikkje læretid utan løn. Sjølv om fabrikken mest berre hadde kvinnelege tilsette, tolde lønsnivået i verksemda samanlikning med det som var i møbelindustrien.

Som i møbelindustrien la Solnørdal opp produksjonsgangen i kjede. Kvar tilsett fekk hand om ei avgrensa oppgåve. Det same prinsippet som revolusjonerte møbelindustrien, vart gjennomført i trikotasjeindustrien, m.a. takka vere dei nye hurtigstrikkemaskinene.

Trikotasjefabrikken på Klokkarhaugen opplevde sine beste år fram til krigen. Då var det jamn vekst heile tida og heller liten konkurranse frå utanlandske produsentar. I 1939 brukte bedrifta 1200 kg garn i månaden, garn som vart opparbeidd til ferdig trikotasjestoff. I krigsåra tørka dei utanlandske forsyningane av garn nesten heilt inn. Seint i krigen fekk fabrikken berre 150 kg garn i månaden. Det var surrogatmateriale, cellulosegarn og kunstsilke. Med ein del innskrenking greidde Solnørdal å halde bedrifta gåande gjennom heile krigen. Bemanninga vart redusert til sju personar. I krigsåra opplevde dei stor tilstrøyming av folk som ville kjøpe klede. Det kunne vere fleire titals personar på huset kvar dag. Fleire kom langveges frå, mellom anna for å få tak i barneunderty. Men det var ikkje råd å hjelpe alle.

Martin Solnørdal hadde teikningane klare for eit nybygg i 1939. Han var komen så langt at murane stod ferdige då krigen sette ein stoppar for vidare utbygging. Arbeidet vart teke opp att sommaren 1945, og bygget kunne takast i bruk seinare det året. Der var det strikkemaskiner i første etasje, syavdeling i andre etasje, og i tredje etasje var det hybehusvære.

Martin Solnørdal Trikotasjefabrikk hadde hovudmarknaden nord for Dovre. I den nordlege luten av Noreg var det stort behov for klede etter krigsherjingane. Rundt 1950 selde dei til 440 forretningar heilt nord til Boris Gleb ved Sovjet-grensa. Grossistar vart lite nytta, Solnørdal selde helst direkte til forretningane for dermed å spare mellomleddsavansen. Bedrifta selde ikkje berre til privatkundar, institusjonar var også ein stor avtakar. Til sjukehus fabrikkerte dei mellom anna pasientklede og utstyr til for tidleg fødde. Eksport var bedrifta aldri engasjert i.

Som kontorhjelp engasjerte Martin Solnørdal svigersonen, Lars Grebstad. I 1960-åra hadde trikotasjefabrikken 27 arbeidarar på det meste. Verksemda stod seg heile tida økonomisk godt, sjølv om fortenestemarginane vart stadig knappare som fylgje av auka utanlandsk konkurranse. Martin Solnørdal Trikotasjefabrikk, som vart skipa som eit personleg eigd selskap, var i drift fram til 1976. Det året døydde Lars Grebstad. Solnørdal var då komen opp i ein alder av 75 år, og han kom til at han måtte avvikle drifta. Ingen av borna til Solnørdal var interesserte i å ta over, og utsiktene for teko-bransjen i landet var heller ikkje dei beste.

Kjelde