Martin Welle Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Martin Welle Møbelfabrikk var ein møbelprodusent i Velledalen i Sykkylven. Eigaren, Martin Welle, dreiv først, i åra 1941 til 1945, ei kolmile på Velle. Mila hadde veggar av stein, leire og sand. Til tak var det jarnbjelkar, jarnplate og sand som dekte det heile. Gjennom eit sinnrikt system av lufterør og skorsteinar fekk dei den rette atmosfæren inne i mila. Det var viktig at råmaterialen, som var orestrongar på tre meter, ikkje brann for fort opp; då vart det berre oske att. Det var ikkje nok at det berre ulma, då vart det ikkje kol. Sluttproduktet vart nytta som brennstoff i generatorane som bilane vart utstyrte med under krigen.

Første fulle fredsåret sette Martin Welle og syster hans opp eit fabrikkbygg i tilknyting til farsgarden på Velle. Det vart ein etasje i første omgang. I 1950 kom det ei høgd til. Dei laga salongmøblar, men produksjonen ved Martin Welle Møbelfabrikk vart aldri storstilt. På det meste var det tre tilsette ved verksemda. Treverket tok dei frå underleverandørar.

For å få salet inn i trygge former opna Martin og ein bror ei møbelforretning i Tønsberg. Tiltaket fekk likevel ikkje varande verdi for stoppamøbelverksemda på Velle. Utover i femtiåra gjekk det attover med omsetninga. I 1958 leigde dei bort ein etasje til Lade Møbelfabrikk, som då var råka av ein brann. Sidan prøvde dei seg med hønsehald i bygget.

Martin Welle døydde berre 58 år gammal i 1961.

Kjelde