Mathias P. Lien

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mathias P. Lien
Foto: sjølvportrett

Mathias P. Lien (fødd 24. april 1872 i Sy LieLesjaskogen, død 26. august 1899) i Minneapolis, Minnesota) var fotograf.

Han starta som bygdefotograf på Lesjaskogen tidleg, kanskje rett etter han var konfirmert, for det er funne eit foto etter han som må vere teke kring 1885-86. Før han byrja i fotograflære gjekk Mathias Lien i snikkarlære i fire år. Han gjekk så i lære hos fotograf Lars Nilsen SødahlVeblungsnes i to år før han starta for seg sjølv. I 1897 emigrerte han til Nord-Amerika og etablerte seg som fotograf i Minnesota, men der døydde han berre to år seinare av blodforgifting etter å ha skore seg under barbering.

Broren Andreas Lien tok over forretninga i Minnesota. I 1979 leverte familien i Sy Lie ein del arkivsaker og fotografiske glasplater etter verksemda hans, som brorsonen Lars O. Lien hadde teke vare på, til De Sandvigske Samlinger på Maihaugen. Ei detaljert rekneskapsbok (eigentleg ei kassadagbok der alle utgifter og inntekter er ført fortløpande) frå åra 1892-94 gir verdfull informasjon om aktiviteten til ein omreisande bygdefotograf på denne tida.


Det er òg samla inn nokså mange bilde teke av Lien frå heimane i bygda, i samband med bygdebokarbeidet.

Verkestader:

Sjå òg:

Kjelder og litteratur