Matrikkelgardar i Østre Heim
Hopp til navigering
Hopp til søk
Det ligg 27 matrikkelgardar i Østre Heim. Heim var del av Hevne herred fram til han vart skild ut som eigen kommune i 1911. I 1964 vart Heim delt, delane vest om Hemnfjorden gjekk attende til Hemne, mens desse 27 matrikkelgardane i aust gjekk inn i Snillfjord kommune.
I 2020 vart så Snillfjord delt i tre mellom Hitra, nye Heim og Orkland kommunar. Av dei 27 matrikkelgardane i Østre Heim gjekk 12 til Hitra, og 15 til Orkland.
Matrikkelgardar i noverande Hitra kommune
Desse gardane ligg på neset som er avgrensa av Åstfjorden, Bustlisundet og Valslagsvågen.
Namn | Gnr | Gammalt gnr | Bruk 1886 | Bruk 1904 | Bruk 1950 |
---|---|---|---|---|---|
Valslag | 201 | 1 | 5 | 6 | 16 |
Valslagaunet | 202 | 2 | 1 | 2 | 4 |
Sunnan | 203 | 3 | 1 | 2 | 31 |
Hemnskjela | 204 | 4 | 17 | 20 | 52 |
Fugløya | 205 | 5 | 1 | 1 | 2 |
Jamtøya | 206 | 6 | 1 | 2 | 4 |
Rottem | 207 | 7 | 4 | 6 | 10 |
Klubben | 208 | 8 | 1 | 1 | 1 |
Vågan | 209 | 9 | 4 | 4 | 16 |
Lian | 210 | 10 | 3 | 3 | 9 |
Stolpnes | 211 | 11 | 2 | 2 | 3 |
Stolpnessetra | 212 | 12 | 1 | 1 | 1 |
Matrikkelgardar i noverande Orkland kommune
Desse gardane ligg i hovudsak kring Åstfjorden.
Namn | Gnr | Gammalt gnr | Bruk 1886 | Bruk 1904 | Bruk 1950 |
---|---|---|---|---|---|
Bustlia | 913 | 13 | 2 | 2 | 3 |
Fossdalen | 914 | 14 | 2 | 2 | 2 |
Mjønes med Stålet | 915 | 15 | 6 | 7 | 13 |
Åsten | 916 | 16 | 3 | 3 | 6 |
Selstad | 917 | 17 | 8 | 8 | 10 |
Slørdalen | 918 | 18 | 1 | 1 | 4 |
Engvika | 919 | 19 | 1 | 1 | 1 |
Kvennstad | 920 | 20 | 4 | 4 | 5 |
Fætta med Bottelvik | 921 | 21 | 2 | 2 | 5 |
Heggstad | 922 | 22 | 1 | 1 | 3 |
Heggstadsetra | 923 | 23 | 2 | 2 | 2 |
Flesvika | 924 | 24 | 3 | 3 | 10 |
Kråkneset | 925 | 25 | 1 | 1 | 1 |
Stokkaunet | 926 | 26 | 1 | 1 | 1 |
Stokken | 927 | 27 | 1 | 1 | 1 |
Sjå òg
- Matrikkelgardar i Snillfjord, som Østre Heim gjekk inn i i 1964.
- Matrikkelgardar i Ytre Agdenes, som òg gjekk inn i Snillfjord i 1964.
Kjelder
- Aune, Kolbjørn: Gardssoge for Østre Heim. Gnr. 1-27. Bind 3 av Hemneboka. Ei bygdebok for Hemne prestegjeld. 1995. 387 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Matrikkelen 1886. Søkbar versjon fra Registreringssentral for historiske data.
- Matrikkelutkastet av 1950. Søkbar versjon, Dokumentasjonsprosjektet.
- Norges matrikel : matrikulerede eiendomme og deres skyld den 1 april 1907 i Søndre Trondhjems amt. Utg. Finans- og Tolddepartementet, J. M. Stenersen & Co.s Forlag, 1907. 510 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.