Meland sogelag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Meland sogelag i Meland i noverande Alver kommune vart stifta 23. mai 1989. Sogelaget arbeider «for å samla, ta vare på og gjera kjent og tilgjengeleg alt tilfang som har å gjera med ålmenn soge, gards- og ættesoge, levevis, folkeminne, stadnamn og mål i [tidlegare] Meland kommune».
I 2019 var det 51 medlemmer. Medlemstalet har gått ned frå kring 70 i 1990.
Leiarar
- Lise Øpsen Eikeland
- Arnt Brakstad (leiar i 29 år)
Kaspar Hansen har arbeidd med innsamling og oppbygging av ei samling av reiskap med meir i Sjøbua på Holmeknappen. Han har også vore med på å byggja opp fotosamlingar for Meland sogelag og Meland kommune.
Arbeid
- Oppbygging og presentasjon av sjøbrukssamling i sjøbua på Holmeknappen.
- Har vore med på det årlege arrangementet Kystsogedagane på Holmeknappen.
- Innsamling og katalogisering av ca. 4000 foto.
Publikasjonar
- Laget deltok i arbeidet med gards- og ættesoge for Meland kommune, som kom ut i 2004.
- I samarbeid med Meland mållag har sogelaget levert lokalhistoriske artiklar til bladet Meland jul.
- Fotobok om sjøbua på Holmeknappen (2019?).
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).