Midlandsmål

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Midlandsmål er ei undergruppe av austlandsmål innanfor austnorske mål som er særprega ved målmerki jamvekt, kløyvd infinitiv og delt hokjønn. Dei fleste midlandsmåli har tjukk l òg, og med unntak av måli lengst i sør har dei apokope av fleirstavingsendingar (hæsteinn, hestadn). Midlandsmåli høyrer fyrst og fremst heime i dal- og fjellbygdene opp mot Langfjelli mellom Austlandet og Vestlandet. Kjerneområdet er frå Nord-Gudbrandsdalen i nord til Vest-Telemark i sør, men det kan òg argumenterast for å taka med setesdøl i sør og nordmøring og (deler av) romsdaling i nord. Midlandsmålet ligg til grunn for midlandsnormalen, ein rettskrivingsnormal for landsmålet som blant anna vart bruka av Arne Garborg, Olav Aukrust og Alexander Seippel.

Dei viktigaste midlandsmåli er: