Misjonsåkeren på Rundesletten (Etnedal)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Misjonsåkeren på Rundesletten i Etnedal vart etablert i 1870- eller 1880-åra. Dette var da Henrik Mikkelsen og Marit Olsdotter åtte bruket Rundesletten, som ligg i Steinsetbygda i Nord-Etnedal. Det var ei kristeleg mannsforeining i bygda som dreiv åkeren. Avlinga vart seld, og overskotet sendte misjonsforeininga til Det Norske Misjonsselskap. Åkeren på Rundesletten var ein av fleire misjonsåkrar i valdresbygda Etnedal.
Kjelde
- Hvattum, Harald: Gard og bygd i Etnedal - band A, Etnedal kommune 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 296.
|