Molaupen er ein gard i tidligare Hjørundfjord kommune. Garden blei fråflytta i 1955. Den hadde gardsnummer 2 i Hjørungfjord, og fekk gardsnummer 112 i Ørsta. Det har ikkje vore meir enn eitt bruk på garden.
Garden ligg ved Hjørungdfjorden, mellom Strandabøen og Nes. Han vart truleg rydda i mellomalderen, og hadde i 1626 skyld på 1 våg.