Mølme (Lesja gnr. 9/6)
Mølme | |
---|---|
Utsyn frå spiret i Lesjaskog kyrkje mot Mølme med hotellbygningane. | |
Alt. namn: | Mølmen |
Fyrst nemnd: | 1726 |
Rydda: | mellom 1710-1720 |
Stad: | Lesjaskog |
Sokn: | Lesjaskog |
Fylke: | Innlandet |
Kommune: | Lesja |
Gnr.: | 9 |
Bnr: | 6 |
Postnummer: | 2668 |
Mølme, dativ Mølmen, var frå starten husmannsplass under Øverlie i Lesja, truleg rydda ein gang mellom 1710 og 1720, nemnd første gang i ei skriftleg kjelde i 1726. Gardsnamnet er ikkje sikkert tyda. Oluf Rygh er usikker; han meinte det kanskje kunne ha samanheng med eit plantenamn. I eit avisklypp utan kjeldetilvising, men med formuleringa som kan tyde på at det er skrive av Eivind Vågslid, er tydinga at namnet er avleidd frå hankjønsordet malm, sandslette, «av di garden ligg attmed ei sandslette i og ved ein elveos» - og det stemmer rimeleg bra.
Det må ha vore flinke folk som dreiv plassen. Brukaren lånte pengar i 1773, og mellom det han pantsette var det to hestar, to kolkorger og fleire sledar. Ut frå det må han og sønene hans ha drive produksjon og køyring av trekol for jernverket.
Litteratur
- Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen. Utg. Lesja kommune. 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket s. 297-300.