Møre Kurvmøbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

A/S Møre Kurvmøbelfabrikk var ein møbelprodusent i Sykkylven, etablert hausten 1929. Det var Jens E. Ekornes og Petter Langlo som gjekk i lag om fabrikken. Opphaveleg var det planen at dei to og Fridtjof Fredriksen, første disponenten ved Sykkylven Kurvvarefabrikk skulle etablere ei sams verksemd. Dei var komne så langt på den vegen at dei hadde fått utarbeidd reklameteikningar og firmalogo for A/S Sykkylven Kurvvarefabrikk, som bedrifta skulle heite. Det synte seg å vere vanskeleg for dei tre sterke personlegdomane å trekkje i same retninga, så det enda med brot før skipingsdokumenta var tinglyste.

Ekornes og Langlo leigde seg inn i første høgda i huset på Klokkarhaugen som Aalesunds Konfektionsfabrikk Fix hadde overteke etter Andreas Furseth. Her hadde dei lager i kjellaren og verkstad i første høgda. I andre høgda var det kontor og kokelag, forutan hyblar. Dei to karane gjekk inn med ein aksjekapital på 10.000 kroner. Den 2.november vart dei første akseptane diskonterte for Møre Kurvmøbelfabrikk i den lokale forretningsbanken. 1.198 kroner lydde dei seks første akseptane på til saman. Summen var jamstor med inntekta til verksemda det første året, slik ho kom fram gjennom likningsprotokollen.

Jens Ekornes fortalde seinare at det ikkje var vanskeleg å få møbelhandlarar til å ta inn varene. Verre var det å få inn pengane, og konkurs truga verksemda meir enn ein gong. Første driftsmånadane var det godt samsvar mellom fordringar og røynleg inntekt. Andre driftsåret diskonterte verksemda møbelaksepter for 1.616 kroner i den eine av dei to lokale bankane. Same året var bedrifta oppført med ei inntekt på 800 kroner i den kommunale skattelista.

Årsskiftet 1931/32 flytta Møre Kurvmøbelfabrikk til Ørsta. Der fekk dei betre lokale. Det fekk også sitt å seie for avgjerda om å flytte at Ørsta hadde jamt anløp av kystruta som kunne frakte varene direkte ut til dei store kundane. I Ørsta fekk bedrifta nytt namn, Møre Lenestolfabrikk. I 1970-åra vart det nytt namneskifte, til Møremøbler. No heiter bedrifta Fora Form.

Kjelde