Nøstekroken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nøstekroken AS er ei spesialforretning i strikketøy, tekstiler og utstyrsvarer i Aure i Sykkylven. Firmaet vart skipa i 1982 som aksjeselskap, og med Oddhild Blindheim og Åshild Indrebø som aksjeeigarar. Butikklokala, som var på 65 m2, leigde dei i forretningsbygget til Oddlaug Aure. Vareutvalet omfatta garn og broderivarer av alle slag.

Nøstekroken A/S hadde i 1983 tre tilsette som alle arbeidde på deltid.

I 2015 er det Lene Cathrin Aarhuus og Elise Hovet som eig Nøstekroken. Forretningsverksemda er basert på sal av tekstilar og utstyrsvarer.

Kjelder:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.
  • Nettstaden purehelp.no