Nedre Borgvin (veg i Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Nedre Borgvin sett østover.
Foto: Roy Olsen (2017).
Nedre Borgvin i Breisås i Bø i Midt-Telemark kommune går nordover frå Venåsvegen i bustadfeltet Borgja Terrasse og ender blindt ved nr. 74/76. Han er 257 meter lang.
Vegen har namn etter garden Borgja og blei namnsett i 1981. Busetnaden består av tre terrasseblokker i nedre del av vegen, oppført kring 1976, og er ein del av Borgja Terrasse 1 boligsameige. I enden ligg ein einebustad og ein tomannsbustad.
Om namnevalet for Nedre- og Øvre Borgvin uttalte Vegnamnsnemda: «Nemda har ved dette namneframlegget festa seg ved at det er alt som talar for at nemnet Borgvin var nemnet på Borgja i eldre tid. Namnet Borgja kjem av Borg og vin. Dessutan har namnet i seg sjølv ein særmerkt og fin klang».
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Kommunestyresak nr. 10, 1982.