Nesset prestegard

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Nesset prestegård»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesset prestegard i 2009.
Foto: Camilla H. Greve

Nesset prestegard ligg litt sørvest for tettstaden Eidsvåg, på sørsida av Langfjorden i Nesset i Molde kommune. Han har gardsnummer 259/1.

Ein veit ikkje sikkert når Nesset vart prestebustad, men det er dokumentert at det budde prest på garden i 1590. Frå gamalt av har det vore om lag 20 bygningar på prestegarden, men i dag står berre 11 att. 10 av dei er freda, mellom anna Borgstua med røter attende til 1700-talet og eit stabbur som truleg er frå 1600-talet.

Bjørnstjerne Bjørnson

På prestegarden budde Bjørnstjerne Bjørnson delar av barndommen sin. Faren Peder Bjørnson vart sokneprest her i 1837, og hovudbygninga frå 1702 var då i særs dårleg stand. Bjørnson sende eit brev til kongen med søknad om å få bygge ei ny, og søkte òg om å få låne om lag 1200 spesidalar. Etter mykje om og men fekk han endeleg pengane, og bygginga kunne starte. Nyhuset stod ferdig i 1846.

Bjørnstjerne budde heime til han i 1844 flytta til Molde for å gå vidare på skulen. Bondesamfunnet og naturen i Romsdalen skulle få stor innverknad på diktinga til Bjørnson, og han vitja Nesset og Romsdalen fleire gonger etter at familien hadde flytta frå bygda.

Prestegarden var Nesset kommune sin tusenårsstad, og 11. januar 2019 selde Opplysningsvesenets fond eigedomen til Stiftelsen Romsdalsmuseet. Tre år tidlegare hadde soknepresten flytta inn i ny bustad i sjølve tettstaden.

Galleri

Kjelder