Nikoline Indrebø

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nikoline Indrebø (fødd 1862, død 1940) var gardkone i Førde, og ei av dei mange som utvandra til Amerika for så å kome attende til gamlelandet.

Døypenavnet hennar var Nikoline Bergitta Olsdatter Kvamsås. Ho vaks opp på Kvamsås (bnr. 1) i Førde, og var dotter av gardbrukar Ole Madsen Kvamsås (f. 1816) og Johanne Johnsdotter Kvamsås (f. 1827). Ho blei konfirmert i 1878 og fekk karakteren Meget godt.

23. mai 1882 emigrerte Nikoline til Amerika saman med broren Mads f. 1854, kona hans Anna og barnet deira Oleanna, systera Anna f. 1856 og Anders Bertelsen Indrebø som ho gifta seg med året etter. Nikoline og Anders fekk tre barn i Amerika: Burt, Jenny og Anna Marie.

Etter 11 år reiste dei heim til Førde og busette seg på Indrebø. Dei to yngste barna var fødde her, Olette og Albert.

Sjå òg

Litteratur og kjelder