Nordbø Pensjonat

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ved inngangen til Nordbøs landhandel.
Foto: Ukjent / Sætherskar, Johs. (red), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Nordbø Pensjonat blei starta i 1947 av Olav J. Nordbø (1915 - 1976) og Gunvor Flatland (1919-). Pensjonatet ligg i Hjartdal i Telemark.

Historikk

Olav J. Nordbø var nevøen til Olav O. Haugen som dreiv Haugen Landhandel. Då Haugen døydde i 1939 kjøpte Nordbø etter kvart eigendomen med forretning. Han dreiv denne vidare som vanleg landhandel i fleire år.

I 1947 starta Olav og Gunvor pensjonat på same staden. I byrjnga låg pensjonatet i ein enkel bygning utan innlagt vatn og straum. Pensjonatet vart seinare utvida og utbetra fleire gonger. "På rommene er garderobeskap samt innlagt varmt og kaldt vann," skreiv Sætherskar i 1949.[1] Pensjonatet låg ca. 40 km fra Notodden, og om sumaren var det stor gjennomgangstrafikk av både norske og utanlandske turistar.

Etter at Olav J. Nordbø døydde i 1976 stod Gunvor aleine om drifta i mange år og utvida pensjonatet fleire gonger.[2]

Kilder

  • Karlsrud, Gjertrud Kleveland, Hjartdalsoga : gard og ætt. B. 3 A : Hjartdal : Nordbygda, Sauland, 2000. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Sætherskar, Johs. (red), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgave på bokhylla.no.

Referanser

  1. Sætherskar, 1949, s. 791.
  2. Karlsrud, 2000, s. 588.