Nordfjordeid
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nordfjordeid er ein tettstad og administrasjonssentrum i Eid kommune, Nordfjord i Sogn og Fjordane. Staden ligg ved Eidsfjorden, som er ein arm av Nordfjorden. 1. januar 2016 hadde Nordfjordeid 2891 innbyggjarar, noko som utgjer snautt halvparten av befolkningen i Eid.
Nordfjordeid er eit kommunikasjonsknutepunkt og handelssentrum for store delar av regionen Nordfjord. Her ligg det dessutan fleire skular; Eid har både vidaregåande skule, ungdomsskule og barneskule. Det er ein god del industri på staden, mellom anna trevare-, næringsmiddel-, verkstad- og møbelindustri. Eid kyrkje ligg på Nordfjordeid.
Avisa Fjordabladet vert utgjeve frå Nordfjordeid.
Galleri
Kjelder
- Nordfjordeid i Store norske leksikon
- Faktaark fra Kartverket finnes.
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2016.