Norsk elektrisk sikringsfabrikk
Hopp til navigering
Hopp til søk
Norsk elektrisk sikringsfabrikk blei grunnlagt som eit aksjeselskap i 1925. Fabrikken låg i Kragerø, og produserte elektroniske artiklar med sikringspatroner som spesialitet. Firmaet hadde i tilleg eigen metallvareavdeling og fabrikk i eigne lokalar. Ved full drift sysselsatte verksemda kring 40 personar.
Kring 1949 var Inge Foseide disponent ved fabrikken. I styret sat Ingebjørg Iversen, Trygve Iversen og fru Bech-Pedersen.
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.