Nutestulhaugen (veg i Bø i Telemark)
(Omdirigert fra «Nutestulhaugen»)
Nutestulhaugen er ein hytteveg på Lifjell i Bø i Midt-Telemark kommune som slyngjer seg oppover i høgda frå vegen Solskinsdalen. Han er kring 380 meter lang.

Nutestulhaugen sett nordover mot Jønnbu fjellkyrkje og Bøkstulnatten.
Foto: Roy Olsen (2018).
Vegen har namn etter stulen Nutestul og blei namnsett i 2013. 11 hytter blei bygd her fyrst på 2000-talet.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bø kommune, Utval for plan, teknikk og næring sak 102/13.